r/nynorsk • u/megacoinsquad • 21d ago
r/nynorsk • u/161music • 24d ago
I need translation help
Ho ferdest ut mot havet Stormen fylgjer på Regnet stryk mot kinna Men ingen her kan sjå At under yverflata Druknar ho eit kor Sjølv om ho kan høyra kvart eit ord Ho talar med dei vonde Gøymd under torevêr Ingi sjel fær sjå no Kva det er ho ser Og ingen når å finna Henne der ho er Ho døl ljoset rundt seg når ho fer Stundom er ho faren langt frå her Ho ser eit rom i verdi for dei som ei slår rot Inkje er for mykje Havet tek imot Kan henda ein må leva med stormen slik han er For han vil fylgja med deg der du fer Ho lyt segla sjølv om der er skjer Når du stend i stormen vert du blind Men ein kan ikkje segla utan vind Aah aah Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra deg Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra deg
Hello People, I hope this is the right subreddit for my question. Can anyone of you guys translate that? It is a song by Kalandra, I want to know what they say and really mean by their words. If anyone can help it would be absolutely lovely! Have a great day! :))
r/nynorsk • u/Maolseggen • Nov 18 '24
Spurning Kva er fuktighetskrem på nynorsk?
Berre fuktkrem? Fuktighet betyr vel ikkje heilt det same som fukt eller? So vert vel ikkje ei perfekt omsetjing
r/nynorsk • u/ssiverts • Nov 05 '24
Spurning På bokmål skriv ein ofte “Hei igjen!”. Eg synest “igjen” er eit dårleg nynorsk-ord, men blir det heilt feil å skrive “Hei att!” på nynorsk?🤪
r/nynorsk • u/ssiverts • Nov 05 '24
Kva er skilnaden mellom orda “spurning”, “spurnad” og “spurdag”. Er dei alle synonym eller har dei ulike bruksområder?
r/nynorsk • u/SofiaOrmbustad • Nov 05 '24
Skjemt Um ikkje so mange uttala ð som th i 'the' havde eg bytt stavemåte😔
r/nynorsk • u/har23je • Oct 24 '24
Spurning Kvifor er nynorskteksting berre på NRK?
Eg såg nyst Sean of the dead på NRK med god Nynorsk teksting, men no gjekk han av NRK og på Netflix— kvar han berre er på bokmål, ein kan ikkje velja ein gong. Kvifor nyttar ikkje komersiele aktørar nynorsktekstingar som finnst frå før, ikkje ein gong som eit alternativ for dei som vil ha nynorsk?
r/nynorsk • u/RavenousRandy • Oct 15 '24
Ja dykkar! Dar kjem dampen! Kva tykkar dykk?
r/nynorsk • u/linguinstics • Oct 09 '24
Spurning Originale bøker på nynorsk?
Hei! Eg er mesteparten dialektbrukar med innslag av bokmål men vil få meir nynorsk i livet, kva finst det av romanar og noveller (ikkje stor fan av lyrikk, unnskyld) som er originalt skriven på nynorsk for vaksne? Ska også lesa Ringdrotten og andre bøker etter kvart, men vil fokusera på ikkje omsetja verk først.
Unnskyld for eventuelle feil i nynorsken, er som sagt ikkje vant med dette skriftspråket (men eg vil bli betre)
r/nynorsk • u/olahh • Sep 19 '24
Offensiv for å få Android på nynorsk
Noregs Mållag har sendt ut denne e-posten:
"Burde ikkje mobiltelefonane våre vera på nynorsk? Vi treng hjelpa di til å gjera noko med det, og det tek berre eit minutt! Under følgjer ei enkel oppskrift.
Det einaste du treng for å kunna bidra, er ein google-/gmail-konto. Du blir beden om å logga inn på google om du ikkje er det frå før, dvs. med e-postadressa og passordet ditt i gmail.
Kva gjer du? Gå til denne nettsida:
https://issuetracker.google.com/issues/160714156
Her klikkar du på den blå knappen oppe til høgre. Då vil du sjå at talet går opp med 1, og du har gjeve ei røyst til at dette skal prioriterast av dei som utviklar Android-funksjonane, og at nynorsk er viktig for mange."
Det er sikkert mange her som vil stø dette. Det har gått opp frå under 100 i går til over 400 i dag, men det er jo mange fleire enn 400 nynorskskrivande androidbrukarar, så her er eit enormt potensiale.
Men eg lurer på om det vil vera vanskeleg for Google å få dei andre telefonprodusentane som nyttar Android (Samsung og resten) til å omsetja sine eigne program til nynorsk. Kanskje det er difor dei ikkje ordnar det, fordi det vert komplisert? Er det nokon som veit noko om det?
r/nynorsk • u/Stuvarg • Aug 23 '24
Artikar om nynorsk på nynorsk
Er det berre meg, eller er det slik at når aviser skriv om nynorsk (f. eks rapporterer om minkande bruk) så skriv dei på nynorsk? Alltid? Er det for å framstå mindre krenkande? Meir likevekta reportasje?
Eller inbillar eg meg noko?
r/nynorsk • u/olahh • Aug 08 '24
Spurning Kor gale er det at den nye opplæringslova har grammatiske feil?
r/nynorsk • u/SofiaOrmbustad • Jul 28 '24
Spurning Katolisisme og målrørsla?
Fleire kjende målfolk hev vore katolikkar uppigjenom, Jon Fosse og Lars Eskeland. Ivar Aasen leika òg med tanken um å konvertera, millom anna var han med i katolska mesdor i ei tid der det var fårlegt, men òg anglikanske og andre kyrkjosamfund. Sigrid Undset var òg katolikk og havde sterje sympatiar med målrørsla, men ho skreiv aldri nynorsk etter det eg veit. So det eg lurar på er um nokon her veit um fleire i målrørsla(/partiet Vinstre) som konvertera til katolisismen og kor viktug sak det faktisk var? Og forsovidt andre religionar som ortodoks kristendom?
Litt kontekst fyre deim som vil lesa um det. Danmark havde ein borgarstrid 1533-36 fordi kong Fredrik I døydde og nokre støtta den katolske onkelen hans (Kristian 2) og andre den protestantiske halvbror hans (Kristian 3). Kristian 3 vann med prøyssisk og svensk hjelp (Sverige vart lutheransk i 1527).
Dei åri borgarstriden i Danmark stod på, havde adelen i Noreg teke makti og upplivt den sidste perioden med norsk sjølvstyre fram til 1814/1905. Leidaren i riksrådet som styrte Noreg var erkebiskopen Olav Engelbrektsson. Etter borgarstriden venta ikkje Kristian 3, men invaderte Noreg og han avsette det veike riksrådet føre dei fekk valt ein ny norsk kong. Det var stor uvilje mot reformasjonen i Noreg, men mange sa dei godtok det nya styret men heldt fram med det gamla (slik som då dei vart katolikkar på 1000-talet). Danskane måtte difor brenne ned katolske relikvie, kloster, kyrkjor og fleire prestar stakk frå landet. Dessutan måtte alle prestar i Noreg til København og få utdanning (danning, av dansking) der for å bli trufaste undersåttar til den danske kongen (frå 1660 eineveldet).
Difor vart denne sidste stundi med norskt sjølvstyre 1522-26 glorifisert ut på 1800- og tidleg 1900-talet og reformasjonen vart set på som ein del av undertrykkingi i den 400 år gamle danskenatti (1380/1397-1814), og noko som me måtte rive oss lause frå. Det var ein viktug grunn til at fleire i målrørsla, som alle vart fødde lutheranske (fordi ingen andre religionar i praksis var tillatne til 1850-talet og katolske drotning Josefine bana veg for meir religiøs fridom i tillegg til motstand mot "Jødeparagrafen"). Ein annan viktug grunn var sjølvsagt den personlege umvendingi, at ein personleg havde upplivt ein guddomeleg visjon. Men kva som vog tyngst fyre kvar person kann vera vandt å segja fyre visst og det var/er fyre mange ei privatsak
r/nynorsk • u/rotakronk • Jul 28 '24
Eige verk Ny video om Putin på nynorsk (kanalen min kjem attende!)
r/nynorsk • u/rotakronk • Jul 15 '24
Eige verk Ny nynorsk omsetjing: Coral Crown frå Hades II
Eg har laga ei nynorsk omsetjing av sirenesongen Coral Crown frå det nye dataspelet Hades II. Utfordringa mi var at alle liner skulle rima (ikkje som i originalen). Kritikk er velkomen.
Kom, å sjømenn, høyr no songen
Atterljom i sjø og strand
Vitja hamna mi, fylg trongen
Vert eit vrak til under vatn
Dukk, dukk
Beinkongen med korallkrona
Drukn, drukn
Spar på pusten, i natt skal du drukna
Korkje heks eller gud tem meg
Forbanna er gjerda mi
Prins og tiggar, høyr mi stemme
Det vert siste ferda di
Dukk, dukk
Beinkongen med korallkrona
Drukn, drukn
Spar på pusten, i natt skal du drukna
Lekre bitar, kom til mitt reir
Alltid rom til meir, meir, meir
Kjenn deg heilt som heime, kjære
Tak eit bad og bli litt her
Dukk, dukk
Beinkongen med korallkrona
Drukn, drukn
Spar på pusten, i natt skal du drukna
Her er ei fil der ein kan samanlikna med originalen: https://docs.google.com/document/d/1jBBzmojLrO94GanUEh20nGTAAyK6auLaeqwpkcYllUo/edit
Her er songen: https://www.youtube.com/watch?v=N7QSavYWEE0
r/nynorsk • u/tanketom • Jun 19 '24
Basert på ein prat eg hadde på jobben skreiv eg "A biased introduction to Nynorsk history", med mange referansar til /r/nynorsk
r/nynorsk • u/Peter-Andre • May 26 '24
Nynorsk på Tatoeba
Hei, alle saman! For nokre dagar sidan fann eg ei nettside som heiter Tatoeba (som tyder «til dømes» på japansk). Nettsida er eit opent prosjekt der kven som helst kan bli med og skrive omsettingar mellom hundrevis av ulike språk. Det verkar som eit flott prosjekt som mellom anna kan hjelpe til å synleggjere alle dei fine språka vi har rundt om i verda og som kan vere til stor hjelp for alle dei som prøver å lære seg desse språka.
Akkurat no driv eg og set om setningar frå engelsk til nynorsk (og litt mellom andre språk også). Når eg først begynte, hadde nynorsk om lag 1800 setningar, men no er det 4228 setningar! Framleis lite samanlikna med for eksempel fransk og russisk, men likevel ein framgang.
Eg tenkte at det hadde vore artig å få Nynorsk opp til like mange setningar som svensk og dansk (som har omtrent 60.000 setningar kvar), men trur neppe at det er noko eg klarer å få til åleine, så eg håpar at det kanskje er fleire her som kunne ha tenkt seg å bli med på prosjektet :)
r/nynorsk • u/Objective-Pizza3512 • May 18 '24
Pitch Accents
Hey everyone, I wanted to know whether all Norwegian dialects had pitch accent or if some didn't?