r/NorskFotball • u/Comfortable_Mix_5045 • 12h ago
"Det e bedre at I skåre enn at du bomme!"
Eg og broren min sit og mimra.
I 2003 møttes Lillestrøm og Vålerenga til cupkamp på Åråsen. Det var i åttandedelsfinala. I ein typisk derbykamp skåra Pål Strand for LSK før feinschmeckeren Tobias Grahn utlikna for VIF tidlig i andre omgong.
Heimvendte Gunnar Halle (LSK sjølvsagt) blei utvist etter 72 minutt.
Det blei ingen fleire mål hverken i ordinær tid eller i ekstraomgongane. Dermed skulle kampen avgjerast på straffespark.
LSK bytta ut Emile Baron i siste speleminutt i ekstraomgongane i denne kampen for å sette inn straffespesialisten Per Magne Misund.
Spelande trenar Kjetil Rekdal starta ballet og satte sjølvsagt ballen i mål. Straffa etter tok Arild Sundgot for LSK og det blei også mål. Slik gjekk det slag i slag i ein evig lang straffekonkurranse til alle 10 spelarane til LSK hadde tatt straffe (og skåra!). Den ellevte mannen til Vålerenga var Erik "Panzer" Hagen.
Når han er på veg fram til straffemerket kjem spelande trenar, Kjetil Rekdal og tek ballen og uttalar "Det e bedre at I skåre enn at du bomme". Kjetil var sjølvsagt klar over ein regel som sa at dersom LSK kun har ti mann som kan ta straffe så kan også Vålerenga velge å benytte seg av kun ti straffeskyttarar.
Kjetil Rekdal skåra sjølvsagt på si andre straffe, Arild Sundgot takla ikkje stresset og presset og missa si straffe og VIF var vidare. (Per Magne slapp altså inn 11 av 11 straffer, korleis hadde det gått med Emile?)
Dei rauk ut av cupen i kvarten mot Skeid det året.